søndag 8. september 2013

En løper på en kveld....

Endeleg er sylysta komen attende. No har eg ikkje sete framom symaskina på evigheter. I dag bestemte eg meg for å gjere ferdig løparen eg har hatt liggande i 1 år.
Mønstra på løparen fann eg i eit quiltemagasin og heite "En løper på en kveld". Og eg brukte eit år :-), ja, ja no er den endeleg ferdig. Blei ganske nøgd med resultatet, sjølv om det gikk med 3 symaskin nåler før resultatet blei klart. Stoffa eg har brukt var ein stoffpakke eg kjøpte på Trapp Ned i Førde.

lørdag 7. september 2013

Brettekort

Fann ei fin oppskrift på brettekort i ett trykk som eg ville prøve. Det var kjekt å lage. Motivet er frå Whiff of Joy og det har eg fargelagt med promarkerane mine. Fargane eg har brukt er;
Hud: Coral, Sunkissed pink & Blush.
Kinn: Baby pink.
Munn: Antique pink & Baby pink.
Hår: Walnut, Cocoa & Sandstone.
Kjole & Sko: Marine, Turquoise & Cool aqua.
Sharms frå Kort og Godt. Silkebandet er frå Søstrene Grene.
Mønster arket hugsa eg ikkje kvar det kjem frå. 
Swirler frå magnolia og Nellie snellen dies.
Tags inni kortet er frå cottage cuts.
Sommerfugel er dies frå Whimsy stamps.
Kant punch frå MS.
Bannerdeisen er frå Spellbinders.
Med dette kortet vil eg delta på promarker norge sin utfordring denne mnd, som heiter Turkis som hovudfarge.

søndag 4. august 2013

Gutekort

I dag har eg laga eit gutekort til ein fotballgut. Utruleg kva ein kan få til med litt restepapir, eit fargelagt digistempel og litt scarms. Dymo til teksten utanpå. Tekst inni kortet er frå kort og godt.

torsdag 1. august 2013

Magnoliakort.

Har laga kort etter skissa i sketchy colors sin utfordring denne mnd. Eg har også laga det i fargane lilla, grøn, kvit og brun som også er ein del av utfordringa. Det er første gongen eg lagar kort etter ei skisse. Kjekt med nye ufordringar. Motivet er fargelagt med promarker. Mønster ark er frå maja design. Eg har dabba med gesso rundt kanten. Det er også første gong eg har prøvd. Og brukt glitterglue på blomsten. Liquid pearl i midten av blomen i kransen. Kransen er ein dies frå memory box. Motivet er stansa ut med spellbinders label one. Tekststempel frå kort og godt.
Med dette kortet deltek eg i utfordringen til sketcy colors og papirplaneten og promarker norge sin utfordring.

søndag 28. juli 2013

Enkelt herrekort

Har laga eit enkelt herre kort. Motivet er frå art impression som eg har fargelagt med prismacolors. Brukt spellbinders både til motiver og eifeltårnet.
Har brukt dymo til skrifta for å få meir maskulint preg på kortet.

Dåpskort

Eg laga eit easel card til dåpsbarnet. Motiv er fargelagt med fargeblyanter. Mønsterark er frå papirdesign.
På kakeservietten har eg skrive navnet til dåpsbarnet og dåpsdato med bokstaver frå nille. Blomster er frå kort og godt. Og roser som eg ikkje hugsa kvar kjem frå.
Perlepynt frå nille.

tirsdag 16. juli 2013

Det blei ein gut

Lag eit kort til mi gode veninne som fekk ein søt liten gut.
Eg har brukt eit motiv eg har fargelagt med fargeblyanter.
Papiret er frå papirdesign.
Panela er stansa ut med spellbinders label 4.
Blonden er frå kort og godt. Har brukt retroblomst punchere til blomane.
Tekststempla er frå kreativ glede.
Scarmsen hugsa ikkje kvar kjem i frå, men den er kjøpt på papirplaneten som alt det andre eg har brukt på kortet.