torsdag 29. mai 2014

Jentekort

I kveld er det jentungen på 9 år som har laga konfirmasjonskort til søskenbarnet sitt som skal konfirmerast på søndag. Mønster ark er frå lageret til ho mor og bilde er frå eit utklippsark frå panduro. Tekst er frå kort og godt.

mandag 26. mai 2014

Konfirmasjonskort til musikkglad gut.

Nytt bestillingskort er ferdig. Musikkrelatert denne gongen også. Papiret er frå papirdesign, quikcuts noter og g- nøkkel er mariannedeis, bilde er frå utklippsark til kort og godt, konvolutt er deis frå mariannedeis, stjerner er spellbinders, bokstavar er  makingmemories sticks.

lørdag 24. mai 2014

Rosakort

Jentungen har også laga bursdagskort i dag.

Bursdagskort

I dag har eg laga eit bursdagskort til ei veninne. Eg har brukt eitt  utklippsark frå kort og godt. Charmsen er også frå kort og godt.

onsdag 21. mai 2014

Veskekort nr 2

Då er eg ferdig med eit nytt bestillingskort. Det blei eitt nytt veskekort, men i lilla denne gongen. Mønster arka er frå papirdesign, tekst frå kort og godt. Bokstavane er eliza cq alfabet. Har brukt to nye spellbinders inni. Blomster frå ulike levrandører. Sidan konfirmanten er ei ivrig fotballjente, hengde eg på ein fotballsko og fotball charms i sløyfa.

tirsdag 13. mai 2014

Konfirmasjonskort til gut

Her har eg lifta eit kort eg såg på fb sida scrappesyken. Eg har brukt ark frå kort og godt.

onsdag 7. mai 2014

Konfirmasjonskort til gutt

Har laga eit kort på bestilling til ein konfirmant som driv mykje med musikk. Kjekt å utfordre seg sjølv, med både eit bestemt tema og med å lage gutekort. Notearket har eg hatt liggende ei stund, så eg er usikker på produsent. Motiv og tekst kjem frå kort og godt. Bandet eg har brukt på pengelommen er også frå kort og godt. Sølvbokstavane er kjøpt på nille.

Konfirmasjonsbok

Her har eg laga eit bokkort på bestilling. Det er laga på samme "lesten" som det forrige, men i andre fargar. Eg har brukt mønsterark frå pion. Tekst frå kort og godt. Blomster frå ulike levrandører.