lørdag 8. februar 2014

Mi datter sitt kort.

Mi datter på 8,5 år har laga eit kort i kveld med litt hjelp frå ho mamma. Ho har også brukt restepapir frå maja design. Motivet fann ho i tølene til mora, det samme med pynten. Utruleg kjekt at ho likar å laga kort slik som mora.

Pengekort

Eg har fått brukt endå meir restepapir. Fann ei oppskrift i siste ett trykk som eg fekk lyst til å prøve.
Veldig greit å ha liggande når ungane skal i bursdag. Legg pengane i og vips har du ei gåve.

After eight esker

No er det veldig lenge sidan det har vore noko nytt på bloggen. Eg har ikkje komme sikkeleg i gang att etter jul. Endeleg blei det produsert att.
I dag har eg pynta to after eight esker til morsdagshelsing. Fekk brukt restepapir frå maja design og papirdesign. Litt pynt av ulikt slag og stempel frå ulike levrandørar.