lørdag 28. september 2013

Hyggestund løper

No har eg sydd ferdig den første hyggestund løperen. Stoffpakken og mønster har eg kjøpt på Quiltekroken i Bergen. Kjempe kjekk og fin løper å sy.

søndag 8. september 2013

En løper på en kveld....

Endeleg er sylysta komen attende. No har eg ikkje sete framom symaskina på evigheter. I dag bestemte eg meg for å gjere ferdig løparen eg har hatt liggande i 1 år.
Mønstra på løparen fann eg i eit quiltemagasin og heite "En løper på en kveld". Og eg brukte eit år :-), ja, ja no er den endeleg ferdig. Blei ganske nøgd med resultatet, sjølv om det gikk med 3 symaskin nåler før resultatet blei klart. Stoffa eg har brukt var ein stoffpakke eg kjøpte på Trapp Ned i Førde.

lørdag 7. september 2013

Brettekort

Fann ei fin oppskrift på brettekort i ett trykk som eg ville prøve. Det var kjekt å lage. Motivet er frå Whiff of Joy og det har eg fargelagt med promarkerane mine. Fargane eg har brukt er;
Hud: Coral, Sunkissed pink & Blush.
Kinn: Baby pink.
Munn: Antique pink & Baby pink.
Hår: Walnut, Cocoa & Sandstone.
Kjole & Sko: Marine, Turquoise & Cool aqua.
Sharms frå Kort og Godt. Silkebandet er frå Søstrene Grene.
Mønster arket hugsa eg ikkje kvar det kjem frå. 
Swirler frå magnolia og Nellie snellen dies.
Tags inni kortet er frå cottage cuts.
Sommerfugel er dies frå Whimsy stamps.
Kant punch frå MS.
Bannerdeisen er frå Spellbinders.
Med dette kortet vil eg delta på promarker norge sin utfordring denne mnd, som heiter Turkis som hovudfarge.