mandag 23. desember 2013

Tennbrikkett trekk.

Då var tennbrikkett trekka ferdige. Veldig personleg gave med bilde av ungane på.

lørdag 14. desember 2013

Brette kort med sjokolade inni

Bretta etter mal frå Maja i siste nr av Ett trykk. Kjekk og lage, kjekk å gi bort som ei lita helsing.

To like julekort

Har laga to julekort med samme utgangspunkt. Eg har brukt pionark som framside og den eine sida inni kortet. Tekst er frå ulike levrandørar. Brukt litt sølv perler og blingstein til pynt. God jul frampå er frå Kort og Godt.

onsdag 11. desember 2013

Blei eitt julekort til..

Blei eit kort med motiv frå kort og godt og mønsterark frå maja design. Tekst frå kort og godt.

Julekorta er ferdige.

Då var eg ferdig med alle julekorta som skal sendast i posten. Skal lage eit par til før eg er heilt ferdige. Då er det berre å komme seg på posten og få dei avgarde. Håpar mottakarane gledar seg over å få heimelaga kort i posten, like mykje som det gledar meg ved å laga dei:-)

torsdag 28. november 2013

Julekort

Var på juleverkstad i lag med kollegaer i går kveld. Fekk laga to julekort. Kjenpe kjekt å treffast utanom jobben.

Julekort

Nytt julekort i dag.
Pion ark, stempla på vinter landsbyen og nissen med reinsdyra.
Dette kortet blei eg veldig nøgd med.

tirsdag 26. november 2013

Krabbeteppe

Då var eg ferdig med det andre krabbeteppet.
Motivstoff og ei smal ramme rundt og lukkekant. Bakgrunn er eit fleeceteppe. Enkelt quilta.

fredag 22. november 2013

Andre julekortet er ferdig.

Då jar eg laga eit julekort til, med samme utgangspunkt som det første. No har eg brukt stjerne bølgepapp. Resten av materialet eg har brukt er det samme som eg brukte på det første.

Årets første julekort.

Då var årets første julekort i boks.
Enkelt, men det enkle er ofte det beste.:-)
Mønster ark er "julehilsen" frå papirdesign. Stempel er frå kort og godt. Hjerte er ferdig utstansa bølgepapp. Bilde er frå eit utklippsark og sløyfa er "god jul band" eg kjøpte på søstrene grene. Kantane er sverta med distress ink, walnut stain.

tirsdag 19. november 2013

Krabbeteppe

Då var eg ferdig med eit krabbeteppe.
Eit enkelt design, kjøpte eit motivpanel og sydde nokre strimler på kvar side. Bak har eg brukt eit fleecteppe. Enkel quilting og lukkekant.

søndag 10. november 2013

Ny løper ferdig.

Då var eg ferdig med ein ny løper. Dette er ei mønster som Ylva på quiltekroken har laga. Stoffa ha eg også kjøpt på quiltekroken i Bergen.

mandag 4. november 2013

onsdag 2. oktober 2013

Hyggestund løper nr 2 ferdig

No er eg ferdig med hyggestund løper nr 2. Denne har eg kjøpt stoff og mønster til på quiltekroken i Bergen. På denne har eg sydd ned lukkekanten med ein pyntesaum. Det gir duken eit anna preg. Eg blei nøgd med resultatet.

lørdag 28. september 2013

Hyggestund løper

No har eg sydd ferdig den første hyggestund løperen. Stoffpakken og mønster har eg kjøpt på Quiltekroken i Bergen. Kjempe kjekk og fin løper å sy.