lørdag 8. februar 2014

Mi datter sitt kort.

Mi datter på 8,5 år har laga eit kort i kveld med litt hjelp frå ho mamma. Ho har også brukt restepapir frå maja design. Motivet fann ho i tølene til mora, det samme med pynten. Utruleg kjekt at ho likar å laga kort slik som mora.

Pengekort

Eg har fått brukt endå meir restepapir. Fann ei oppskrift i siste ett trykk som eg fekk lyst til å prøve.
Veldig greit å ha liggande når ungane skal i bursdag. Legg pengane i og vips har du ei gåve.

After eight esker

No er det veldig lenge sidan det har vore noko nytt på bloggen. Eg har ikkje komme sikkeleg i gang att etter jul. Endeleg blei det produsert att.
I dag har eg pynta to after eight esker til morsdagshelsing. Fekk brukt restepapir frå maja design og papirdesign. Litt pynt av ulikt slag og stempel frå ulike levrandørar.

mandag 23. desember 2013

Tennbrikkett trekk.

Då var tennbrikkett trekka ferdige. Veldig personleg gave med bilde av ungane på.

lørdag 14. desember 2013

Brette kort med sjokolade inni

Bretta etter mal frå Maja i siste nr av Ett trykk. Kjekk og lage, kjekk å gi bort som ei lita helsing.

To like julekort

Har laga to julekort med samme utgangspunkt. Eg har brukt pionark som framside og den eine sida inni kortet. Tekst er frå ulike levrandørar. Brukt litt sølv perler og blingstein til pynt. God jul frampå er frå Kort og Godt.

onsdag 11. desember 2013

Blei eitt julekort til..

Blei eit kort med motiv frå kort og godt og mønsterark frå maja design. Tekst frå kort og godt.